mandag 3. desember 2012


Snø.
Det er noko magisk med snøen. Alt blir så mykje lysare og lettare når snøen kjem. Sjølv om det er kaldt, og eg er ein frostpinne som ikkje likar å fryse, så er det så flott med snøen, at eg berre må lika det. Å trø ute i snøværet, med eller utan ski, og innimellom få eit solglimt, det er jo så flott! Eller gå ute om kvelden, med knirkande snø under føtene, frost som bit, og ein fantastisk stjernehimmel...
Det er jammen flott med skikkeleg vinter. Og så har eg veldig mange flotte turminne som inneheld snø. :)
På same tid så er det veldig greit i vår travle kvardag når det er mildvær, og me slepp å pakka oss inn i mange lag ull, skrapa is av bilen, måka snø og kjøra på glatte vegar. Men det er jo ganske mørkt og kjedeleg med regnvintervær.

Eg treng den magiske snøen.

På fredag var eg og Jostein til fjells att, for å sjå etter dei bortkomne kvigene. Då gjekk me i 15cm nysnø, snøbyger og eit fantastisk vinterlandskap... Me fann ikkje kviger, berre hjort, men me hadde ein nydeleg tur.
Laurdag og søndag var det aking i bakkane heime.


2 kommentarer:

  1. Takk for at du deler denne flotte snø- og vinter-stemningen! Eg saknar den knirkelyden under føtene, ja! ;) Nyt det i fulle drag!

    SvarSlett
  2. Hei Te'ena! Nå er det skikkeleg julestemning her, med skikkeleg kulde, kvitt av snø, adventslys og julekakebaking. :)
    Kjekt å følgja med på bloggen din.

    SvarSlett