mandag 6. august 2012


 



Denne helga var me på hyttetur! Me gjekk opp fredag og heim søndag. På laurdag hadde Jostein eit prosjekt ilagmed ein bror og ein svoger med å frakta opp noko kledning som mangla. Elles har me testa hytta og kost oss masse. Me har fiska, bada, plukka blåbær, ete masse fisk, lest litt donald, steikt pannekaker og sprunge i hælane på Rakel som alltid var klar for eit bad.



Jonas fekk to fine aurar på stang rett nedføre hytta. Søndag trekte me garn og fekk 5 aurar.

Været var fint, og når sola kom fram mellom skyene var det varmt og.

2 kommentarer:

  1. hanssenharboe@gmail.com7. august 2012 kl. 18:37

    Å så fine bilete. Ser ut so dåken kose dykk masse. Eg og vil!!! Men båten hadde vel gått under..

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Hytta er blitt veldig bra, og plassen er jo nydelig. Eg er sikker på det blir mange fleire flotte turar dit med tida.
      Eg trur også at du kjem dit om ikkje alt for lenge.

      Slett