Nokre vårteikn frå siste veka. :-)
mandag 18. april 2011
mandag 11. april 2011
Me har hatt nokre herlege vårdagar. Ute blømer snøklokker og krokus, og ekrene blir grønare for kvar dag. Lemminga er i gang, og sol og varme gjer godt.
Søndag var det helste sommartemperatur. Då var me til bålplassen vår i 'skogen' og brente bål og steikte pølser. Etterpå måtte me finna is, som me åt på terassen.
![]() |
![]() |
| Trifarga vil vera med å spikka pølsepinnar |
![]() |
mandag 4. april 2011
I går hadde me ein fantastisk fjelltur! Heile familien var på Hodlestadnut, ilagmed broren og foreldrene til Jostein. Teddy, klassebamsen til Jonas var også med. Jonas og Selia gjekk, sprang og klatra. Rakel låg i vogna oppover traktorvegen, og så sat ho i beresjal. Alle kom heilt til topps, ca 660 m.o.h. Skikkeleg deilig å komma seg til fjells!
![]() |
| på toppen |
![]() |
| onkel e go å ha m |
![]() |
mandag 28. mars 2011
tirsdag 22. mars 2011
Me hadde dåp på søndag. Det vart ein fin dag. Me er glade for at alle i nærmaste familie fekk til å vera med, bortsett frå oldemor.
Nå er kvardagen tilbake. Det ligg i familien å vera veldig glad i bøker.
mandag 14. mars 2011
I går hadde jentene ei lesestund i godstolen.
Selia las Donaldblad for Rakel, og det tok visst på for begge to.
![]() |
| Godjenter |
mandag 7. mars 2011
![]() |
Høgdepunktet siste veka var skituren me hadde i går. Me tok med oss ski, akebrett og barnevogn i bilen, og køyrde til Opheim. Sidan snøen var så hard, gjekk det veldig greit å køyra barnevogn. Broren til Jostein var med, og forloveden hans. Me hadde sol, snø, bål, pølser, kakao, akebakke og skiføre. Det gjorde godt langt inn i sjela :)
![]() |
| topptur |
![]() |
| fin bålplass |
![]() |
| god fart |
![]() |
| Eit glimt frå legginga i kveld, av solstrålene våre. |
![]() |
| Til slutt eit bilde frå me var hjå oldemor. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)

























